Julebord

Velkomen til ei koseleg førjulstund i eit miljø som byd på norsk kulturarv og ein smak av tradisjonar!   

Under besøket i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun legg vi vekt på å formidle historia rundt gardstunet og menneska som har budd her. I kufjøset blir gruppa ønska velkomen med velkomstdrikk og ei innleiande historie om Bakketunet. Der vil gruppa også få sjå maleriutstillinga Kvinner med kraft.

Gruppa får måltidet servert i røykstova som er sagt å vere Sunnmøres eldste stove, datert til 1549. Historieforteljing rundt røykstova er lagt inn under middagen.

Mellom middag og dessert blir det beinstrekk og gruppa får vere med til grindløda, også datert til 1549, og er sagt å vere Noregs eldste daterte grindløde. I løda finst både lydanlegg og prosjektor og lerret, som kan brukast av festdeltakarane til eige program. Løda er ikkje isolert og det er nødvendig med varme klede om ein skal vere der noka lengd.  

Om gruppa har eit spesielt ønske for tema til festen eller andre ønsker, hjelper vi gjerne til med å legge til rette for dette. 

Prisar frå 450,- kr.

Grupper på minimum 12 personar. 

Ta kontakt for fullstendig tilbod. 

kontakt@galleribjork.no  /  91108846