Julemiddag i vedvarm stove

Fram mot jul tilbyr Bakketunet smakfulle julemiddagar i historiske og intime omgjevnadar for mindre lag og bedrifter. På menyen står m.a. kortreiste råvarer tilbredt i vedfyrt bakaromn.

Hos oss kan de velge mellom tradisjonell julemat eller meir utradisjonelle julerettar tilbredt i bakaromnen. Vi serverer gjerne pinnekjøt av lam, kjelår frå Sellereite på Leira eller eksklusivt boerkje frå Rasmusgarden på Rørstad. Alt serverast med nydeleg tilbehør.

 

Velkomstdrikk med historieforteljing i kufjøset er ein del av middagen, og til kvar meny har vi nøye sett saman ein drikkepakke. Kokekaffi og krumkake med multekrem er sjølvskriven dessert. 

Ein julemiddag i Bakketunet er perferkt for grupper frå 10 til 24 personar.

Nærmaste overnatting er Hjørundfjord Vandrehjem, som berre ligg 10 minutt gåavstand frå Bakketunet.

Båtskyss frå Ålesund og Sæbø kan ordnast.  

Ta kontakt for pristilbod og eller høgttenking. 

kontakt@galleribjork.no / 911 08 846