Kafficupping

Kafficupping, eller kaffismaking som det heiter på godt norsk, er noko av det ein kan vere med på i Bakketunet i sommar. I midtsumarhelga 22. og 23. juni inviterer vi til ei  ”mørk” oppleving i den minste røykstova, der smak og aroma står i fokus.

Det er Nina Viddal som tek deg med på ei sjeldan smaksoppleving, der alle som har lyst, får smake på kaffi, laga på ulikt vis. For som ein smakar på vin, smakar ein på kaffi!  

Nina som er busett i Ålesund, fortel at ho har gode minner frå farmora sitt kjøken på Viddal, og at det var der ho fekk den første smaken av kaffi. Kaffikverna sveiv, og den gode lukta strøymde ut i romet. Desse barndomsminna vekte interessa for handverket, fortel Nina som seinare lærte baristakunsten på Invit Espressobar i Ålesund. -Kaffi har vorte ein livsstil, og fascinasjonen for denne brennande heite svarte drikken har ikkje vorte mindre med åra, smiler Nina.

Kaffibønner vert dyrka i store delar av verda, og på same måte som det finst ulike vindruer, finst det ulike typar kaffi, som alle smakar ulikt, alt etter kvar i verda, under kva forhald og klima den har vakse. Smak og aroma blir også avgjort når ein brenn/roaster kaffien. Nina hentar kaffibønnene sine på Jacu Kaffebrenneri i Ålesund som er eit ungt og innovativt kaffibrenneri med kaffibar som set kvalitet høgt.

Kafficuppinga er gratis å vere med på og skjer kl. 13 og 15 både laurdag og søndag. Det er plass til 12-15 personar i kvar økt.