Kammersutstilling 2015

Bakketunet skal vere ein stad der gamal og ny tid møtast.  Vi ønskjer å vise fram tradisjonar og vår felles kulturarv og samstundes gi dei besøkande eit  innblikk i det som røyver seg i samtida av kunst og handverk.

Kammersutstillar har blitt eit kjent og godt etablert omgrep. For sjette året på rad legg vi opp til eit rikhaldeg kulturprogram, der kammersutstillarane er ein viktig del sommarens utstillingsprogram. 

Vi ønskjer å presentere brukskunst og handverk som held høg kvalitet, gjerne tufta på gamle tradisjonar, og spanande design som syner kvar vi er idag. Vi er også opne for foredrag og bokpresentasjonar som er med på å å synleggjere verdiane som Bakketunet står for. 

Ønskjer du å vere ein del av vårt utstillingsprogram sommaren 2015, og fyller våre krav, er du hjarteleg velkomen til å sende inn ein uformell søknad. Vi vurderer søknadane fortløpande, så det kan løne seg å vere tidleg ute. 

Kriteriar:

Produkta må halde høg kvalitet 

Utstillaren må montere utstillinga og selge produkta sine sjølv 

Vi tilbyr:

Marknadsføring i lokale media og tilbod om omtale i den årlege utstillingskatalogen 

Fritt bruk av utstillingslokale og opphald i Kunstnarbustaden (medan utstillinga varer, elles etter avtale) 

Provisjonsfritt salg 

Eit minne for livet!