Keramikk med humor

Utstillingsdato: 18.08.2013

Det er keramikaren Anne Lise Aarset frå Volda som vert å finne i kammerset søndag 18. august. Med seg til Bakketunet har ho eit utval av den fargeglade keramikken sin.

Aarset, som har utdanninga si frå Kunstfagskolen i Oslo, har jobba som keramiker sidan 2001. Ho har sidan då delteke på fleire kollektive og separate utstillingar. Etter nokre år i Bergen, flytta ho verkstaden og produksjonen til heimbygda Volda.


I kammerset vil dei besøkjande finne keramikk som både gjev uttrykk for humor, fargeglede og eit snev av alvor. Gjennom dei fargerike figurane sine spelar ho på dei ulike kjenslestrengane i oss. Ut av dette kjem lysdyr som kyr og sauer, samt fjompar, damer og kyssefigurar.

Dei som ikkje fekk med seg utstillinga i august, får ein ny sjanse søndag 1. september!