Keramisk kunst av Karin Elisabeth Øvstedal

Utstillingsdato: 24.07.2016

Sommarprogrammet i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun byr på nye programpostar kvar helg. Denne helga får vi besøk av ein dyktig handverkar frå Asker som skal fylle kammerset med keramisk kunst.

 

Karin Elisabeth Øvstedal har utdanninga si frå Kunsthøgskolen i Oslo og Italia, og har jobba med kunst i nær tretti år. Frå verkstaden sin i Asker lagar ho særeigen keramikk som selgast på faste kunstgalleri rundt om kring i landet. Til Bakketunet tek ho med seg håndmodellerte lysenglar i steingodsleire som er dekorert lag på lag i fleire omganger og med mange detaljar. Kvar engel har sitt eige namn, og ingen er akkurat maken. Karin fortel at ho er opptatt av historie og brenn for å ta vare på kulturhistorie og verne om gamle fortidsminner. Keramikk er eit eldgamalt handverk og ei kunstform. Derfor set ho ekstra stor pris på å stille ut i Bakketunet, som ho meiner gir ei heilt spesiell atmosfære og ein ekstra dimensjon til arbeida hennar.

Utstillinga er kun å sjå søndag 24. juli. Ope kl. 12-17

Hovudutstillinga av Trine Røssevold som er å finne i kufjøset fram til 31. juli.