Kjærleiksgåver

Forrige helg opna vi dørene til vår 9. sommarsesong med utstillinga Historier om kjærleik. Tunet sine seks bygningar har alle fått nye bruksområder der kufjøs, stall og sauefjøs er lokale for kunstutstillingar, og i år er det Renate Synes Handal, Tine Isachen, Henrik Koppen og Judith Bech som er hovudutstillarar. Røkstova har blitt kafé og grindløda fungerer som konsert- og selskapslokale, sistnemte med eiga mjødkrå. 

Søndag 8. juli er det stabburet som har fått eit litt anna bruksområde enn lagring av mat, og blir opna med salsutstillinga Kjærleiksgåver. Der vil dei besøkande finne nøye utplukka handverksprodukt som er fine å gi i gåver til nokon ein er glad i. Såper, strikk, knivar, skinn, sylte, keramikk, glas, kaffi, vevnad og flatbrød, alt produsert av dyktige handverkarar.

I gamle dager var det vanleg å gi kjærleiksgåver til kvarandre. Gåvene måtte ein lage sjølv og var verkeleg gjort med omhug. Kvinna fekk ofte ting av tre, medan mannen fekk gåver laga av tekstilar. I Bakketunet finst det ein nydeleg utskåren nystesnabb som truleg har vore ei slik kjærleiksgåve. Denne blir stilt ut på stabburet saman med kjærleiksgåver frå vår tid. Stabburet er eit studie i seg sjølv, og denne dagen blir det spesielt drive formidling rundt stabburet som er datert heilt tilbake til 1549.