Kjerringkjeften vikingmarknad

I høve dei årvisse dagane «Midtsumar på Bjørke» blir det 20.- 21. juni arrrangert vikingmarknad i Bakketunet på Bjørke.

Marknaden har fått namnet Kjerringkjeften vikingmarknad etter den karakteristiske  fjellformasjonen som viser seg så vakkert frå tunet. Marknaden er eit samarbeid mellom Bakketunet og Møre frie vikingar, eit lag som etablerte seg i 2007 og som har stor interesse for tida si historie og handverk.

 

Vikingmarknad
I helga kan ein for første gang på over tusen år treffe vikingar inst i Hjørundfjorden. Under marknaden blir publikum kjende med ulike handverkstradisjonar innan tekstile arbeid, som karing, spinning, plantefarging, sprang- og brikkevevnad, og ein kan sjå korleis treskjering i tre, horn og bein, blir til vakre bruksgjenstandar. Med på laget er også ein keramikar som viser fram sine arbeid. Frå aust kjem det ein polsk handelsmann med eit rikt utvalg av bruksgjenstandar for ein kvar smak. Vikingane demonstrerer og fortel villig om dei ulike handverka. På marknaden blir det sjølvsagt servert tidsrett mat. Laurdag serverer vi fiskesuppe, medan  søndag fyrer vi opp den vedfyrte bakaromnen og lagar vikingpizza.

Krigskunst og vikingskip
Historia fortel om krigerske vikingar som reiste på tokt til framande land for å erverve nye landområder og skattar. I tunet vil det båe dagar bli framvising av vikingtidas krigskunst. Dei besøkande vil òg få høve til å prøve ut kor treffsikre dei er med pil og boge. Til glede for små og store vil det laurdag føremiddag kome eit vikingskip fossande inn fjorden! «Bjarka» legg til ved småbåthamna, og det vil verte mogleg å ro vikingskipet for dei som er interessert i det. Vi oppmodar spesielt barnefamiliar om å gå stien som startar ved branngarasjen i sentrum, og som går opp til tunet. Der vil det vere natursti med spørsmål frå vikingtida. 

Vikingane fortel at dei har ofra og snakka pent til gudane om godt veir til dagane! Vi håper veirgudane har teke til vetet og lyttar til bønene!