Klara Pil med pilfletting

Utstillingsdato: 19.08.2012

I helga finn ein ny handverkar vegen til kunstnarbustaden i Bakketunet på Bjørke. Søndag vil Klara Pil syne fram eigenproduserte pilkorger og anna flett i kammerset, og laurdag vil ho halde kurs i teknikken. 

Dama heiter eigentleg Liss-Mona Wamer-Pettersen, og kjem frå Farsund og bur på Lyefjell på Bryne. Pilfettinga starta ho med i 2001, og vart etter kvart så lidenskapleg oppteken av pil at gode vener gav henne tilnamnet Klara Pil. For nokre år sidan slutta ho som sjukepleiar, og har sidan då levd av pilfletting. I dag er ho eit kjent namn i norsk hagemiljø.

Pilfletting er eit handverk med lange tradisjonar. Frå gamalt av var teknikken brukt til å lage korger og emballasje til oppbevaring og frakt. I Danmark overlevde tradisjonen, og vart teken med til Noreg av driftige damer tidleg på 2000-talet. -No flettar vi av pil både for at det gir oss praktiske korger og til dekorelement i blant anna hagen. Dessutan ligg det stor skaparglede i det å kunne handverket, meiner Klara Pil som ser fram til turen til Sunnmøre.


Hovudutstillinga med grafikk og maleri av Tor Arne Moen er å sjå i tunet t.o.m. 26. august. I utekjøkkenet ved kunstnarbustaden er det sal av rømmegraut, og i røykstova kan ein nyte  sommarlege kaker og ein kopp kaffi.