Koftehelg

Sommarsesongen er nådd halvvegs i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, som har ope for individuelt besøkande laurdagar og søndagar ut august.

 

 

Laurdag og søndag 1. og 2. august inviterer vi til koftedagar i Bakketunet, og ønsker med det å invitere gjestar til å ha på seg favorittkofta si når dei kjem på besøk. Variantane av kofter er mange, og kanskje har kofta di ei spesiell historie som kan delast med fleire?

I stabburet har Hjørundfjordstrikk utstilling og salg av den nylanserte Kufjordkofta, og i tunet kan ein sjå utstillinga Nostalgia som er ei gruppeutstilling med fleire anerkjente kunstnarar.

Denne helga serverer vi pizza frå vedfyrt bakaromn både laurdag og søndag. 

Vi oppfordrar alle som legg ut bilete av koftene på sosiale medier om å tagge med #koftedagbakketunet 

 

Jakobine Karoline Aakre og Arthur Halvorsen var kjente karakterar i Hjørundfjorden og budde på Viddal. Ho hadde ei av dei første strikkemaskinene i fjorden, og som vi har stilt ut i stabburet. Her sit dei i kvar sine kofter. Kanskje var det kjærestekofter, som no har blitt så populært.