KO:KO med herlege sommarkjolar!

Årets sesong er godt i gong i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, og vi gjer oss klar til ein ny strålande dag med mange besøkande. Søndag 1. juni kjem Stine Elisabeth Goksøyr til Bakketunet. Ho har gjort draum til røyndom og etablert sitt eige klesmerke; KO:KO Norway. Goksøyr vil halde ei oppvisning med litt historie om kjolane, og ho vil fortelje om vegen ho har gått for å nå måla sine og å skape merkevara KO:KO Norway. Og kammerset vil sjølvsagt verte fylt med sommarens herlege KO:KO -kjolar!  

På slutten av dagen trekkjer vi ut ein KO:KO-kjole til ein heldig vinnar mellom dei som har vore i tunet denne dagen.

Hovudutstillinga Norsk kulturlandskap? med Inger K. Giskeødegård er å sjå i kufjøset. 
Bakketunet har ope kl. 12-17 kvar søndag gjennom heile sommaren. Utan om dei fast opningstidene, tek vi imot større og mindre grupper for skreddarsydde opplegg.