Kunstnarmøte med Dag Bratbergsengen

Det handlar om menneske og natur under årets sommarseong i Bakketunet. Fem utstillarar med sine unike arbeid har funne vegen til kvar sine rom og bygningar i det ærverdige gardstunet inst i Hjørundfjorden.

Komande søndag kan besøkande møte keramiker Dag Bratbergsengen, som har utstilling i stallen i tunet. Han vil gi tilhøyraren historiene knytt til sitt skapte univers av skulpturar. Leireklumpen har han med seg og kanskje blir det laga nye historier i tunet medan han møter publikum.

Dag Bratsbergsengen er født på Lillehammer, og har hatt eigen verkstad sidan 1987, dei siste 22 åra på Notodden. Han har ei solid kunstutdanning, og har i tillegg til eige skapande arbeid, inn imellom undervist på keramikkavdelinga ved Sørøst-Norge Notodden. Arbeida hans har vore med på fleirfaldige utstillingar bl.a. Norske Kunsthåndverkeres årsutstilling ved fleire høver, og levert utsmykkingsoppdrag i offentlege og private bygg. Han har motteke fleire stipend, no sist fem års seniorstipend for kunstnarar frå Norsk Kulturråd. Arbeida hans står i den lange tradisjonen av folkekunst som alltid har vore fascinert av underlege fantasivesen som fortel om menneske i liv og død.

Måten Bratbergsengen jobbar på kan skildrast som sakte spontanitet. I arbeidsprosessen går han inn i ein dialog med materiale og form. Noko oppstår. Noko som ikkje umiddelbart let seg kjenne att. Det er fantasivesnar, hybridar som både peikar på det dyriske og det som er menneskeleg. Vi møter skikkelsar med katteansikt og menneskeøyrer, med fiskeauge og merkelege former som veks ut av hovudet og minner om ballongar, eller kaniner med eit sterkt menneskeleg uttrykk. ”Dei fortel historier som handlar om oss”, sier Bratbergsengen. Som gledar seg til å besøke Sunnmøre.

Maleriutstillinga med Simon Wågsholm er framleis å sjå i kufjøset, medan Mørck design er utstilt i kammerset, saman med fotografi av Ole Ekker. Thomas Bruvik sin videoinstallasjon er i sauefjøset. 

Odelstaus og kafeansvarleg Lea Mari lovar herlege kaker laga av sesongens råvarer, servert frå røykstova frå 1549