Kurs i bygging av bakaromn

4.-6. juli vert det arrangert kurs i bygging av vedfyrte bakaromnar. Det er Thor-Arne Svanberg frå Skien som kjem til Bakketunet for å halde kurset som skal gi deg kompetanse til å setje opp din eigen bakaromn. 

I det daglege underviser Svanberg ved Skogmo vidaregåande skole, og har sidan 2007 vore kurshaldar i bygging av steinomnar.

På kurset vil deltakarane lære korleis ein frå start til slutt set opp ein frittståande utandørs bakaromn.

Sjå heimsida til kurshaldar for meir informasjon:

http://www.bakerovn.no/web/

Påmelding før 25. juni 

Kurs: kr. 1995,-

Kurs + overnatting på Bjørke Fjordtell m/ sjølvhushald: kr. 2795,-

Påmelding: kontakt@galleribjork.no / 911 08 846