Kurs i pilfletting

Laurdag 18. august vert det halde kurs i pilfletting med kursleiar Klara Pil i frå Bryne. Ho har spesialisert seg i teknikken, og er eit kjent namn i det norske hagemiljøet. Søndag held ho òg utstilling i tunet med eigne produkt som er laga av pil.

 

 

Vi tilbyr følgjande kurs:

Kl 09:00-13:00      Pilstativ og kremmarhus, maksimum 10 deltakarar. Pris kr 600,-

Kl 14.00-18:00      Hjarte av pil, maksimum 12 deltakarar. Pris kr 800,-

Det går fint an å vere med på begge kursa.   

I tunet vert det ein eigen "pil-camp" der det er høve til å setje opp telt eller parkere bobilar og campingvogner. Vi har òg nokre rom i Kunstnarbustaden som kan leigast for dei som ønskjer å opphalde seg på Bjørke denne helga. Laurdagskvelden kan vi freiste med dans i småbåthamna der det country/rockbaserte bandet Crashville spelar.     

Påmelding: kontakt@galleribjork.no eller ring Marita Bett Jensen 91108846

Frist for påmelding: 6. august. (vi anbefalar å vere tidleg ute, få plassar!)