Kurs i plantefarging

Sauen går enno i Hjørundfjordfjella og gjer ein fantastisk jobb som både beitepussar og ull- og kjøtprodusent. Kunnskapar rundt ull- og kjøtproduksjon heng ved oss enno, og framleis er det dei som kan kunsten med plantefarging der ein nyttar naturlege fargestoff.

Når Hjørundfjordstrikk inviterer til kreativ plantefargedag med Cathrine Yksnøy som instruktør, er det for å bringe vidare gamal kunnskap, med ei forskande tilnæring.

 

Plantefargedagen inneheld ein teoridel før vi går til grytene. I naturen plukkar vi det vi ønsker, og testar slik ut nokre av dei ulike metodane.

Til lukta av ull og natur tryllar vi fram farga garn som får henge og dryppe seg tørre. Dette garnet får sjølvsagt deltakarane ta med seg heim. 

Vi nyttar både lauv, bark og lus, og utforskar også om vi kan få ulike fargar av eit og same fargeemne.

Denne dagen er det fokus på naturlege fargestoff vi saknar sjølv, men nokre av fargeemna er likevel sanka på førehand.

Maks antal: 12 stk.

Kursavgift: 500 kr 

Påmelding:

Betalt kursavgift = påmeldt
Vipps  535158

Husk å merke betalinga med kva det gjeld. 

I tillegg kan ein kjøpe ønska mengde garn frå Rauma. 

Plantefarging fredag 10. juli kl 12-18