Kva gøymer seg i jorda?

Det får vi kanskje svar på når kunnskapsrike medlemmar frå Møre detektorlaug kjem til gards for å søke etter fordums skattar førstkomande søndag.

Ute på markene til norske gardsbruk har søket med metalldetektor gitt hundrevis av spanande funn dei siste åra. Pål Andre Aure i Møre detektorlaug har stor tru på at der finst mange fordums skattar i jorda rundt Bakketunet. Erfaringa seier at det vil dukke opp noko, men kva er uvisst. Namnet Åkre fortel at det var her dei hadde kornåkrane sine, og det vil vere store sjansar for å finne såkalla 1771-myntar, som var ein offringsmynt som blei brukt til takk-og offergåve for eit godt kornår. Fylkesarkeolog Bjørn Ringstad har gitt løyve til søket.

Tunet er ope med utstillingar, sal av mat og denne søndagen er altså dei besøkande velkomne til å følgje med på søket med metalldetektor i markene rundt Bakketunet.  

Ope frå. kl. 12-17 

Inngang kr. 100 for vaksne. Born går gratis. 

Det kan fint gjerast avtale om besøk utan om opningstida. Då kan du ringe 91 10 88 46. Vi gir omvisingar for dei som er spesielt interessert i den gamle garden.