Kvinner med kraft

I sommar var det maleriutstillinga Kvinner med kraft som var å sjå i kufjøset i Bakketunet. Bileta er malt av Marita Bett Aakre, som også er arvtakar til middelaldertunet på Sunnmøre. Fekk du ikkje med deg utstillinga kan du få eit lite blikk her.

Dei gamle bygningane, markane og skogane var min leikeplass. Ved kjøkenbordet til bestemora mi fekk eg høyre og bli kjent med nokon av dei som hadde levd på garden før. Tidleg byrja eg å fabulere rundt korleis mine forfedre har hatt det. Her på same stad, har dei også leika, arbeidd, hatt sine draumar, høyrt på songen av fuglar og fossar, kjent på svolt, sveitta på markene, registrert at sola ikkje klatrar Bjørkehornet lenger, at hausten er nærme, vakna opp og kika på dei mørke furuveggane i lisjestova, studert, vore i sorg, fødd barn,  takla sjukdom, frykta det som kan gå gale, elska, levd. Lista over kjensler og gjeremål er kanskje uendeleg. Så har eg på mitt vis hatt mine opplevingar på same staden, men i ei anna samtid, der notidas samfunn har sine krav og forventningar, og som er med på å styre mine gjeremål og kjensler. Kanskje er eg den siste generasjonen som har vakse opp på garden og som har naturlege band inn i fortida. Vil mine barnebarn klare å kjenne på tidsånda frå fortida? Eg vonar med denne serien at eg kan skape eit vidare band for døtrene mine og dei som kjem etter.  

Marita Bett Aakre, mai 2017 

Evig grønn

Kvinner i kamp

Fåfengd

Fåfengd

Tru

Tru

Tre aldrar

Vindar

Skam

Heimvendt

Røter

Såkorn

Ukjente strender

Ungdom

Visjonar

Odel