Land art for borna

Søndag 14. juli er det igjen klart for nye formgjevingsaktivitetar i Bakketunet. Førre søndag var temaet sjarmtroll, og mange kreative born fekk lage flotte troll av naturmateriale med Malin Skjåstad som instruktør. Denne søndagen er det Jadé Thorsø Sæter og Astrid Dybdal Øie som inviterer store og små born til ei lærerik og spanande økt med Land art som tema.

  
Jadé og Astrid traff kvarandre då dei studerte ved Høgskulen i Volda der dei begge tok bachelorgrada i Kunst og handverk. Sidan den gong har dei henta inspirasjon frå kvarandre. Jadé er i tillegg nyutdanna faglærar i formgjeving, og gler seg til å byrje og undervise klasser til hausten. Medan Astrid skal byrje på ein master i Kulturell administrasjon. Dei fortel at dei tidlegare har jobba i lag med ulike undervisningsprosjekt, og stortrivst med å formidle historier og gi inspirasjon til unge kreative sjeler. Søndag vil dei fortelje om Land art og vise korleis ein lagar former og mønster av materiale som ein finn i naturen.  Mønstra blir danna gjennom repitisjon, former og fargar. Dei to synest at Land art er eit veldig interessant tema. Med hovudingrediensane landskap, natur, naturmateriale og kreative born som hjelparar, kjem det garantert til å bli skapt minneverdige kunstverk denne dagen. 

Viss det skulle bli mindre fint vêr som gjer det vanskeleg å halde på ute, kjem vi til å ha eit alternativt opplegg, seier dei to.

Bakketunet ønskjer å vere ein stad der også borna trivst og får gode opplevingar. Ei av satsingane i år er å gi unge nyutdanna pedagogar og kunstnarar moglegheita til å legge til rette for aktivitetar for born. Kvar søndag i juli vil det vere ein ny instruktør og ein ny aktivitet. Dette er eit prøveprosjekt, men som vi vonar at vi kan halde fram med i komande sesongar. Aktivitetane er gratis.

Hovudutstillinga Blood, Milk & Honey av trekløveret Camilla Prytz, Mia Gjerdrum Helgesen og Gro Mukta Holter heng t.o.m. 21. juli.
 

Opningstider: søndagar 12-17

Omvising for grupper etter avtale.