Landleg klesdesign

Sommarprogrammet i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun byr på nye programpostar kvar helg. Denne helga får vi besøk av gründer og klesdesignar Line Brenden frå  Tinn i Telemark, som skal fylle kammerset med eineståande handverk.

Line Brenden er ein norsk designar som syr under klesmerket Tora. Namnet på klesmerket er etter Brenden si oldemor. Brenden fortel at ho hentar inspirasjon til kleda ho syr frå oldemora si samtid, der hard fysisk arbeid på garden og setra prega kvardagen.  Kleda måtte både vere praktisk og slitesterke, men det var også veldig viktig å sjå «skikkeleg» ut.  Og det er denne tilnærminga Brenden har til dei unike handsydde kleda i Tora-kolleksjonen, som vi er så heldige å presentere i Bakketunet laurdag og søndag!

Frå kafeen i den freda røykstova serverer vi nysteikte vaflar og kokekaffi. Frå Retrosalongen kan ein søndag nyte frisk jucie i eit interiør frå tidsperioden 50- til 70-talet.

Det er siste helg måleri-utstillinga med Robert Steinnes er å sjå i kufjøset.

Velkomnen til eit historisk miljø i kulturbygda Bjørke!

Ope laurdag og søndag 12-17