Leirbrent og Bygdeyoga

Sommaren i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun byr på eit variert program med mange særskilde opplevingar forankra i kunst, kultur og natur. Til helga gjer vi klart for porselensutstilling og yoga!

På besøk i kammerset kjem Renate Løvli som driv det lisje porselensfirmaet LEIRBRENT i Lillehammer. Som keramikar er Løvli oppteken av å lage unike og særeigne porselensprodukt som skil seg ut i mengda. Produkta kjenneiknast ved eit minimalistisk og leikent uttrykk, samtundes som det stillast store krav til funksjonalitet. Nytenking i kombinasjon med nostalgi er viktige element i Løvli sitt arbeid. Løvli deltok som kammerutstillar i Bakketunet allereie i 2011. No kjem ho attende og seier at ho gledar seg til eit gjensyn med denne herlege plassen inst Hjørundfjorden!

Søndag kl. 15 gjer vi klart til Bygdeyoga i tunet. Bygdeyoga ved Linn Urke Osnes, er eit lavterskel yogatilbod for alle som vil praktisere yoga. Urke Osnes har bakgrunn som dansar og er sertifisert yogalærar frå YogaWorks. Ho underviser i Hatha Yoga (fysisk yoga) og likar sette saman øvingar til flytsekvensar der samhandling mellom pust og bevegelse er sentralt.
Bygdeyoga har base i Ulsteinvik og har to faste økter i grendene Skeide og Dimna i gode gamaldagse gymsalar. Då Bygdeyoga er ope for alle, uansett bakgrunn og form, prøver Urke Osnes å legge til rett for individuelle tilpassingar, slik at alle skal få ei god oppleving og kjenne meistring og framgang ut i frå eige utgangspunkt. Urke Osnes er glad for å dele Bygdeyoga i bygda Bjørke, og ynskjer velkomen både erfarne og dei som aldri har prøvd yoga før! Inntekta frå yogaøkta går til Redd Barna.

Utstillinga med Robert Steinnes er å sjå t.o.m. 20. juli og Retrosalongen held ope heile sommaren. I vekedagane kan tunet besøkast etter avtale.

Ope laurdag og søndag kl. 12-17