Makelaust i kammerset!

Utstillingsdato: 12.08.2012

Med brennande kjærleik og engasjement for gamalt kvinnehandarbeid og mote, skaper Kristin Elise Halkjelsvik makelause plagg. Det er ikkje tilfeldig at ho har teke namnet Makeløs. Søndag 12. august stiller ho ut eit knippe av dei fantastiske kreasjonane sine i kammerset i Bakketunet.

Halkjelsvik kjem opphavleg frå Sunnmøre og har røter både i Volda, Ørsta og Ålesund. Ho synest difor at det er ekstra stas å kome til heimlege trakter for å vise fram produkta sine. Halkjelsvik er busett i Fredrikstad der ho er med i kunst- og handverkssenteret Bastion 5 i Gamlebyen. Ho jobbar på heiltid med redesign, og har hatt fleire motevisingar og er profilert i fleire magasin, sist i Personale Magasin.

-Utgangspunktet for kleda er gamalt kvinnehandarbeid og secondhandklede. Eg freistar å gi dei ein ny og heilskapleg form, fortel Kristin E. Halkjelsvik. Dessutan er der eit miljøaspekt i å nytte gamle tekstilar på ny. Ho viser til omgrepet DIY, «do it yourself», som er veldig populært. -Redesign er noko som alle kan få til med enkle grep. Ein ny knapp, spreke kombinasjonar mellom nytt og gamalt, eit broderi som kan syast om til skjørt, moglegheitene er mange, stråler Halkjelsvik. -Eg likar å kalle visningane mine for motivasjonsvisningar, og vil gjerne at folk skal verte inspirert til å  leike og tørrre meir i forhold til korleis dei kler seg. Ho gleder seg til opphaldet i Kunstnarbustaden og utstillinga i kammerset  – Omgjevnadane i tunet er perfekte kulisser for kreasjonane mine, meiner Halkjelsvik, som også minnast Bjørke frå då ho var lita jente og familien brukte å vere der på laksefiske.

-Den kjærleiken til historia som Bakketunet representerer, er også noko av det som eg ynskjer å formidle gjennom Makeløs, fortel den sprudlande dama.

Hovudutstillinga med måleri- og grafikk av telemarkskunstnaren Tor Arne Moen, er å sjå i tunet fram til 26. august.

Ope: Søndagar 12-17, elles etter avtale.