Teikne- og maleverkstad for barn

Med temaet kjærleik som inspirasjon inviterer Marita Bett Aakre til kunstnerisk maleverkstad for barn i Bakketunet på Bjørke førstkomande søndag. På verkstaden vil barna få leike seg med ulike teknikkar og fargar med inspirasjon frå utstillinga Historier om kjærleik som er å sjå i tunet denne sommaren. 

Alle dei seks bygningane som utgjer Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun er ope for gjestar. I år er det Tine Isachen, Renate Synes Handal, Henrik Koppen og Judith Bech som er hovudutstillarar og som fyller kufjøs, sauefjøs, stall og kammers med samtidskunst.

Ei av nyheitene i år er at det snart 500 år gamle stabburet er fylt opp med kjærleiksgåver inspirert av den gamle tradisjonen rundt friargåver. Tanken er at ein kan kjøpe ei handlaga gåver til nokon ein er glad i. Og i stabburet kan ein finne mykje fint handverk. Vevnad frå Fonn Design, saueskinn frå Pergarden, kort frå Emmeselle, knivar frå Svein Snipsøyr, strikk og såper frå Mellomgarden i Vesterålen, flatbrød og ullhuer etc. frå Solrun Osdal, keramikk frå Villemina, glaskunst frå Ingrid Ulla og gelear frå Gode Greier for å nemne noko.

På menyen denne søndagen er det som vanleg kaffi og nydelege sommarkaker servert av kaféansvarleg Lea Mari i røykstova. Frå den vedfyrte bakaromnen er vi klare for å gi deg Hjørundfjordens beste pizza frå steinomn. 

Teikne- og maleverkstaden høver best for barn i skulealder. 

Tid: Søndag 22. juli kl. 14-15 

Pris: 200 kr. 

Maks deltakarar er 12 personar. Er interessa stor tek vi eitt til kl 15-16