Maleaktivitetar for born

Søndag 5. august startar vi opp med eigne maleaktivitetar for born. Utstyrt med staffeli, lerret, maling og malekostar får borna skape eigne kunstverk i vakre kulisser. For det er lett å hente inspirasjon til eigne verk i slike omgjevnader!  Og kanskje kan eit besøk i utstillinga til Tor Arne Moen gi nokre impulsar?

Maleaktiviteten vert leia av Astrid Dybdal Øie som har ein rykande fersk bachelor i Kunst og handverk frå Høgskulen i Volda.

Pris per born kr 200,- Inkulderar alt utstyr - og eit lerret i storleiken 40x40 eller 50x50 cm som de får ta med heim.