Maleverkstad for barn

Med temaet menneske og natur som inspirasjon inviterer Marita Bett Aakre til kunstnerisk maleverkstad for barn førstkomande søndag. På verkstaden vil barna få leike seg med ulike teknikkar og fargar med inspirasjon frå utstillinga Menneske og natur, som er å sjå i tunet denne sommaren. Og det er ikkje utruleg at den storslåtte naturen på Bjørke kan inspirere.

Alle dei seks bygningane som utgjer Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun er fylt med innhald. I år er det Simon Wågsholm som er hovudutstillar og stiller ut maleri i kufjøset. I stallen har Dag Bratbergsengen fylt rommet med underfundige skulpturar, og i sauefjøset har Thomas Bruvik ein videoinstallasjon med teknologiske tolkinger av naturen i inste Hjørundfjorden. Mørck stiller ut bærekraftig design i kammerset, saman med fotografi av Ole Ekker. I år har vi også to kulturhistoriske skattar stilt ut i tunet. Bjørneskallane som blei skotne i 1901 og 1902 av Johan Rørstad.

På menyen denne søndagen er det som vanleg kaffi og nydelege sommarkaker servert av kaféansvarleg Lea Mari i røykstova frå 1549. Og endeleg kom fineveiret. Komande søndag fyrer vi derfor opp i den vedfyrte bakaromnen og serverer pizza der du sjølv kan velge toppinga.

Maleverkstad: 

Aldersgruppe frå 3-8 år kl. 13-14

Aldersgruppe 9-13 år kl. 14-15

Maleverkstaden er gratis. Maks 8 barn på kvar gruppe. 

Påmelding til 911 08 846