Maria og Athos kjem!

Maria Nikkinen Rørstad er busett på Raustad på Bjørke og er utdanna barnevernspedagog. Ho driv Hos Maria som er eit "Inn på Tunet"- tilbod, eit dagtilbod for enkeltpersonar og grupper.

Søndag 1. september blir den 8 år gamle fjordingen Athos med Maria til Bakketunet, og borna får både lære litt om hestar, og rideturar med Athos.

Bakketunet ønskjer å vere ein stad der også borna trivast. Vi meiner det er viktig at born får gode opplevingar knytt til livet på landet då det er dei som ein dag skal velje om dei vil busetje seg i bygd eller by. (Vi vonar sjølvsagt at fleire vel bygdenoreg!)