Marthe Aune Eriksen, fotografi 15. - 29. juli

Utstillingsdato: 15.07.2012

Bakketunet på Bjørke har gleda av å presentere ei utstilling av Marthe Aune Eriksen, første mottakar av det nyleg etablerte Hjørundfjordstipendet.

Eriksens kunstnarskap er kjenneteikna av ei undersøking av randsona mellom by og periferi. Motivkretsen i bileta vekslar mellom ulike omgjevnadar, frå eksteriør og landskap til interiør og objekt, mellom små detaljer og utsnitt til større fasadar eller vide landskap. Meir enn å skape dokumentære verk, arbeider ho med strenge formale komposisjonar med liner, flater og felt, der motiva opptrer som rein form eller nærmast arkitektonisk relaterte objekt. Motiva finst på dei mest trivielle stadar, og bileta viser områder, fasadar og byrom som sjeldan fangar vår merksemd. Dei er tekne nær forstadar eller mindre industriområder, mot skogholt eller langs ei hovudferdselsåre, og viser aude vegkryss, etterletne bygningselement, vekk-køyrt kratt, haugar av stein og sand, eller andre markørar for opphøyret av byen. Hennar arbeid ser ved første augnekast ut til å være fotografi av aude landskap og urøyvd natur, felles for landskapa er samstundes at dei alle er resultat av menneskeleg aktivitet. Bileta viser funksjonslause kulturlandskap som opptrer i eit nærmast  permanent mellomrom eller gløymsle, eit mellomrom ein oftast berre passerer på veg mot eit anna mål bestemt på førehand. Område som er nær sagt usynleg i all sitt tilstadevær. 

Utstillinga i Bakketunet, som strekker seg over både tunets løde og røykstove, viser daglegdagse omgjevnader som kraftledningar, asfaltverk, steinbrot, vegarbeidsområde, utsprengt fjell og haugar av pukk, jord eller grus. Verka er ein studie i tekstur, material og forskyvingar i valør og form, samt i gråskalaens - eller den dagligdagse gråleikens - sjateringar og fargenyansar.
 

Marthe Aune Eriksen (1975) er utdanna ved Statens Håndverk- og kunstindustriskole i Oslo, der ho vart uteksaminert i 2003. Ho har ei rad separat- og gruppeutstillingar bak seg, har gjort utsmykkingar, er offentleg representert og har motteke en rekkje større stipend. Eriksen er busett i Malmö der ho har vore aktiv som biletkunstnar, kunstformidlar og kurator. 

Ope kvar søndag fram til 29. juli. Elles etter avtale.