Melchiorgarden kjem!

Seinsommaren er tida for innhausting, foredling og konservering. Med natur som tema, handlar det førstkomande søndag om geit og bær i Bakketunet på Bjørke. 

Melchiorgarden
Frå bygda Norddal, som du finn midt mellom kjende Geirangerfjorden og Trollstigen, kjem Torunn Synnøve Ljøen og Petter Melchior som driv Melchiorgarden. I fjøset har dei 250 mjølkegeiter og kvar vår vert det livleg når 400 nye geitekje kjem til verda og skal takast vare på. På garden har dei òg rikeleg med bringebær, eple, pærer og rips, som blir til saft, sylte og gelear.  Når Melchiorgarden held salsutstilling i Bakketunet, tek dei med varelageret sitt som blant anna består av kjekjøt i grillpakkar, kokemør av geitekjøt, spekelår, kje- og geiteskinn, saft, sylte og gelear. Dessutan har dei lova å plukke med seg fersk bringebær frå hagen, så ver tidleg ute om du vil sikre deg ei korg eller eit brett med bringebær.

"Saft på dugnad"
Den rikhaldige bær- og frukthagen i Bakketunet har vore til glede og nytte gjennom fleire generasjonar, og i år gjer vi ein ny vri! Som eit prøveprosjekt inviterer vi til «Saft på dugnad». Prosjektet er leia av Kari Ryslett som underviser på Matkultur og helse ved Høgskulen i Volda. I utekjøkkenet ved Retrosalongen blir det duka for saftkoking der dei besøkande sjølve plukkar bæra. Safta, som blir laga i fellesskap, kan dei besøkande få med seg heim om dei berre har med seg flasker. Kari Ryslett gir tips og råd rundt foredling- og konserveringprosessar. Drivhuset blir gjort om til teiknestove, og alle som er med på dugnaden kan lage sin eigen etikett til safta si.  

Utstillinga med Jøran Flo er å sjå i kufjøset t.o.m. 31. august.