Menneske og natur

Utstillingsdato: 30.06.2019

Når Bakketunet opnar sin 10. sesong søndag 30. juni er det med Menneske og natur som den store overskrifta.

I hundrevis av år har menneska i Hjørundfjorden klåra seg fast, levd og arbeidd i naturen, og slik skapt eit livsgrunnlag både for seg sjølv og for framtidige generasjonar. Kva kan vi lære av fortida er eitt av spørsmåla vi ønsker å stille oss sommaren 2019. 

Dei seks bygningane som utgjer Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun er etter mange år ferdig restaurert og tatt i bruk. I år vil alle bygningane bli fyllt med kunst og handverk, og andre verdifulle skattar.

Til tunet kjem Simon Wågsholm frå Ålesund som tek med seg nye motiv til utstillingslokala i kufjøset. I maleria hans møtast figurasjon og abstraksjonar, og fortel historier om landskap og menneske sine spor i dette. I dei ekspressive og abstraherte landskapsskildringane ligg der også ei formidling av ein indre villskap og ei naturkraft. I kufjøset vil publikum møte ein serie maleri som skildrar menneske i store og små hendingar, med tendensar og straumningar frå samtida.

Ein fotograf og ein klesdesignar har også fått plass i tunet i år. Frå Trondheim kjem Ole A. Ekker og stiller ut fotografier av vill og vakker natur frå Hjørundfjorden. Ekker viser også fotografi frå spora etter Tsjernobyl-ulykka, som i 1986 var den hittil mest alvorlege kjernekraftulykka i verda.

Årets kammersutstillar er Marianne Mørck som viser moteklè i skinn frå dyr i den Nordiske fauna, som reinsdyr og laks, saman med norskproduserte og naturvenlege tekstilar. Bærekraftige og haldbare material som er forma i klassisk design. Mørck koblar seg til urgamle tradisjonar i materialbruk og handverk.

Thomas Bruvik frå Bergen vil også vere å finne i tunet med ein videoinstallasjon. I denne undersøker han det gjenkjennelege og det lokale naturbilete, for slik å kunne gi tilskodaren moglegheit til å reflektere over handlinga det er å oppleve natur gjennom teknologi.
I refortolkninga blir rommet i den originale videoen rescannet og tøya. Sjølv om tidsforløpet i originalen eksisterar, blir kilda til refortolking stadig fornya. Resultatet er eit fiksjonelt landskap som kan minne om tidleg 1900-tals landskapsmalerier, men som ein maskinell remix.

Vi er også glad for å ha med oss keramikar Dag Bratsbergeng busett i Notodden. Han lagar dei mest forunderlege figurar, som vi nettopp berre kan undre oss over. Er dei menneske, dyr, fugl eller fisk? Kva personlegdom har dei? Dei keramiske arbeida får plass i stallen, og vi er svært spente på kva han tek med seg til middelaldertunet inst i Hjørundfjorden. 

Sesongen strekker seg i år til 4. august, med ope kvar søndag og nokre laurdagar. I røykstova er kafeen open og somme dagar kan ein få kjøpe pizza frå vedfyrt bakaromn. Utan om opningstida er små og store grupper velkomne til å bestille guida turar i tunet. 

Norangsdalen

Klesdesign av Marianne Mørck

Skolegang