Midtsumar i Bakketunet

Tradisjonen tru blir det også i år arrangert «Midtsumar på Bjørke». Denne helga går innbyggjarane saman om eit program som syner verdiar og kvalitetar i bygda, og under dagane blir det både open gard, musikalske innslag i fjøresteinane, notkasting, sal av antikvitetar, organiserte fjellturar og mykje, mykje meir.

Bakketunet presenterer ein fargerik midtsumarbukett som byr på kunst- og handverksutstillingar, føredrag, kaffismaking, handverksdemonstrasjonar og smaksopplevingar.

Kyr og vikingsmykke
Under midtsumardagane kan gjestar i tunet få med seg måleriutstillinga «Norsk kulturlandskap?» av Inger K. Giskeødegård. I ei årrekke har ho arbeidd med motivet beitande kyr, og passande nok er bileta å finne i utstillingslokala i den gamle kufjøset i Bakketunet. På plass i kammerset er Astri Saure med handverk av finaste sort; smykkedesign inspirert av m.a. smykke frå vikingetida. Ho vil òg stille ut arbeid som er laga av gamalt sølvty.

Broderte bunader
Eitt av høgdepunkta denne helga er presentasjonen av boka «Broderte Bunader» av Anne Kristin Moe frå Norsk Folkemuseum. Ho har nyleg gitt ut boka som tek utgangspunkt i Sunnmørsbunaden, og søndag vil ho halde foredrag om korleis idealet om broderte bunader festa seg i Noreg i første halvdel av 1900-talet.

Kafficupping
Laurdag og søndag inviterer Nina Viddal til kafficupping i Kunstnarbustaden, der smak og aroma står i sentralt. For som ein smakar på vin, smakar ein på kaffi! Kaffibønnene hentar Viddal frå Jacu Kaffebrenneri i Ålesund.

Strandabakkels
Rolf Saure har funne sitt handverk og nisjeprodukt i bakelsjarn spesiallaga for strandabakkels. Søndag blir han å finne i Sunnmøres eldste gardstun der han fortel om dei forseggjorde jarna og demonstrer korleis han lagar dei. Smaksprøver av strandabakkels blir det òg!  

Frå utekjøkkenet serverer vi dessutan rjømegraut båe dagane. Frå røykstovekafeen blir det tradisjonell kaffimat. 

Program: 

Anne Kristin Mo