Moderne porselen

Utstillingsdato: 11.08.2013

Søndag 11. august blir kammerset fylt med moderne og spanande brukskunst
laga av ein kreativ handverkar.

Ann Kristin Einarsen kjem frå Narvik
i Nordland, men bur i Oslo, der ho
arbeider som kunsthandverkar. Einarsen
har ein mastergrad frå Kunstfagskolen
i Oslo. Einarsen er svært allsidig og
arbeida hennar strekkjer seg frå
installasjonar og skulpturar til bilete
og brukgjenstandar.
Til utstillinga i Bakketunet vil Einarsen
mellom anna presentere koppar og
telyshaldarar i porselen. Fleire av
produkta er laga særskilt for utstillinga
i det romantiske kammerset!