Motiv som vekker minner

Bakketunet på Bjørke har sidan opninga i 2010  etablert seg til å bli eit attraktivt reisemål for både lokalbefolkinga og langvegsfarande. Det gamle gardstunet inst i Hjørundfjorden byr på kunst- og kulturopplevingar, inneramma i storslått natur.  

Siste helg i juni får tunet besøk av den kjende illustratøren Mona Stenseth Larsen frå Oslo. Ho er kvinna bak merkevara Emmeselle som leverer kortkolleksjonar og plakatar til museum, design- og interiørbutikkar landet rundt. Motiva spelar på norsk nostalgi som fremjar dei ekte og nære tinga. Det kan vere ein gamal kombisykkel frå 70-talet, eit norges-glas eller ein selbuvott, ting som dei fleste kjenner att og som kallar fram eit personleg minne. Mona Stenseth Larsen teiknar motiva for hand med blyant, pensel, papir og blekk, og det er desse særmerkte arbeida dei besøkande får sjå i kammerset denne helga.

Laurdag tek vi spesielt imot grupper som ønskjer omvising i tunet og sjå Emmeselle-utstillinga i kammerset og hovudutstillinga av Robert Steinnes. Søndag leitar vi fram blekk og papir og lagar teiknedag for borna som besøker Bakketunet. Ein god porsjon nostalgi er og å finne i Retrosalongen, som kan sansast saman med ein kopp deilig kaffi frå Jacu. 

 

Ope laurdag og søndag kl. 12-17.