Nikoline Bjåstad Hustadnes

Utstillingsdato: 17.07.2016

Indiefjord, festivalen som firedobla folketalet i den vesle bygda inst i Hjørundfjorden, er vel blåst, og vi er klare for ei ny helg med eit rolegare tempo. I Bakketunet har vi fått opp ei ny utstilling i kammerset, som viser kolnålsarbeid av Nikoline Bjåstad Hustadnes frå Hareid. 
 
Nikoline har teke bachelor i Visuelle kunstfag og design frå Høgskolen i Telemark, og har bygd på med praktisk pedagogisk utdanning og friluftslivfag. I utstillinga i Bakketunet viser ho fram diverse koldnålsarbeid frå siste året i bachelorutdanninga si. I arbeida har ho eksperimentert med ulike teknikkar innanfor koldnål, og laga ulike variantar av motiva, ein leik med form, farge og uttrykk. Ein fellesnemnar for motiva er at ho har henta fram ulike detaljar, både frå naturen og det menneskeskapte. Gjennom bileta ønskjer Nikoline å vekke nysgjerrigheit for det som omgir oss i kvardagen. Ved å hente fram desse «objekta», håper ho på å framkalle undring, assosiasjonar og minner hos mottakaren. Bileta er til sals.

Hovudutstillinga med Trine Røssevold er å sjå fram til 31. juli. 

Utstillinga med Nikoline Bjåstad Hustadnes er å sjå i kammerset kun søndag 17. juli frå kl. 12-17.