Objekt av Katharina Teige Førde

Utstillingsdato: 10.08.2014

Søndag 10. august inviterer gardstunet inst i Hjørundfjorden til eit møte med ein svært spanande kunsthandverkar. Katharina Teige Førde frå Steinnes i Ørsta er historieforteljaren som set saman gamalt og nytt som blir til unike objekt. Ho lagar kroppsnære smykke og brosjer, men leikar seg også med sjølvstendige objekt som står heilt for seg sjølv og fortel historier om korleis dei har blitt til.

-Når eg vart fødd, var familien min gamal. Dei hadde vore ei familie i 20 år allereie. Dette gjorde at eg alltid leita etter deira levde liv, og forsøkte å få meg sjølv til å passe inn. Eg leita fram alle dei små tinga, plasserte mine eigne midt i alt. Slik vart eg ein del av mi allereie gamle familie. Slik jobbar eg også i verkstaden. Eg finn dei gamle, små tinga og plasserar dei midt i dei nye. Som regel kan eg fortelje kvar materiale kjem frå, kven det har vore sitt og kvifor eg har fått det. Objekta eg lagar blir til på denne måten, med ein historie som er satt saman av gamalt og nytt, fortel Katharina Teige Førde om bakgrunnen for arbeida sine.

Utstillinga er kun å sjå søndag. 

I utstillingslokala i kufjøset heng hovudutstillinga med Astri Eidseth Rygh som blei opna førre helg. Utstillinga er å sjå t.o.m. 31. august.