Om folk og hus, ølbrygging og mattradisjonar

Markeringa av Kulturminnedagane held fram i Bakketunet komande helg med meir flott kulturprogram. Temaet for dagane er ei «Reise i tid - 200 års samfunnsutvikling» og i Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun, har vi som naturleg er, valgt å sjå på gardbrukaren si utvikling.

Laurdag 20. september kl. 17 blir det spesialomvising med Tore Stokke som tek føre seg dei mest sentrale bygningane, som grindløde, røykstove og stabbur, og fortel om både bruk og konstruksjonsprinsipp. Stokke arbeider i det daglege i bygningsfirmaet Inge Kolås AS, eit firma som har spesialisert seg innan restaurering, og har mange års erfaring på området. Frå 1990- talet og fram til i dag har Inge Kolås AS vore nytta til det omfattande restaureringsarbeidet som har blitt utført i Bakketunet, der alle torvtak har vore skifta, nye golv har vorte lagde og rotskader har vorte utbetra. Tore Stokke har i løpet av mange år i bransjen erverva seg mykje god kunnskap om hus og bygningsvern, og laurdag deler han av kunnskapane sine med interesserte.

Visste du at gardbrukaren kunne mista alt han eigde, halvparten til biskopen og halvparten til kongen, om han ikkje hadde bryggja øl på tre år? Dette og meir til kan du høyre om når Martin Nystad frå Norddalen, gir oss eit innblikk i vår immaterielle kulturarv som ølbrygginga representerer.  Ølbrygging har stått som ein sentralt del i gardbrukaren sin kvardag. Martin Nystad  bur på fjellgarden Gjæra i Norddalen. Han og kona driv besøksgard og tek imot grupper der dei driv formidling kring handverk og ølbryggjetradisjonar. Desse kunnskapane tek han med seg til Bakketunet laurdag, og gir oss ein smak på ølbryggjehistoria.

Sunnmørske mattradisjonar er prega av natur, utvikling og impulsar utanfrå. Sunnmøringen er kjend for si nøysemd og livberga seg på det garden og havet gav. Med straumen vart kjøken-arbeidet lettare, svartomnen forsvann, og inn kom Grepa-komfyren. På Kulturminnemiddagen som vi har kalla Trend og Tradisjon, tek vi eit tilbakeblikk på sunnmørske mattradisjonar og blandar dei med trendar frå idag. Det er det tryllekunstkokken Nils-Henning Nesja som gjer, og han lovar høg «wow-faktor». Til dagleg er han kjøkensjef ved Storfjord Hotel, og er dessutan mannen bak firmaet
Mat med hjerte. For Nesje har nettopp eit stort hjarte og eit brennande engasjement for lokalmat, og til Kulturminnemiddagen set han saman ein meny som er basert på nettopp lokale råvarer, trendar og tradisjonar frå Sunnmøre. Denne programposten krev påmelding, og kan gjerast på kontakt@galleribjork.no eller på telefon 911 08 846. 

Søndag 21. september avluttar Bakketunet Kulturminnedagane med utstillingane «Den tekstile arven», «Frå ingeniørbustad til Kunstnarbustad», «Det tekniske vidunderet» «Gardbrukaren i bilete» og foredraget «Ørstajordbruket  dei siste 200 åra» ved tidlegare landbrukssjef i Ørsta, Kolbein Ryste.