Opplev Bakketunet 2020

Produktpakkane for jubileumsåret er ferdig pakka, og vi har mykje fint å by på. 

For individuelt besøkande har vi ope kvar laurdag og søndag frå 28. juni til 30. august. På desse dagane kan ein besøke tunet og få med seg jubileumsutstillinga Nostalgia som er ei gruppeutstilling med kjente kunstnarar. På desse dagane har vi open kafè, og søndagar serverer vi pizza frå vedfyrt bakaromn om veiret tillet det. Lag, organisasjonar og bedrifter kan gjere avtale om besøk i tunet med eigne opplegg, og for 2020 har vi laga eit ekstra fint tilbod for grupper. 

 

Berekraft-pakken

Pakken Kulturhistorie med berekraft høver for kunst- og kulturinteresserte grupper som vil ha ei unik og bandskapande oppleving. Ramma er den gamle garden i mektig Sunnmørsnatur, med berekraftige råvarer på menyen der ein kan velge mellom kje- og lammelår. 

Pris frå 750,- per person 


Farmenpakken

Farmenpakken høver for blåturar, lag, organisasjonar og bedrifter som ønsker bygge relasjonar gjennom kulturarv, konkurranseleik og fellesskap rundt måltidet som ein er med på å lage sjølv. Sistnemte handlar sjølvsagt om vår kjempegode pizza frå vedfyrt bakaromn. 

Pris frå 500,- kr per person 


Historiepakken 

Høver for små og store grupper som er på tur i området og som ønsker å oppleve Bakketunet utanom opningstida med eiga omvising og samstundes få seg ein matbit.  

Pris frå 150,- kr per person 

Storbonde-pakken

I festlege lag blei det ikkje spart på noko ved langbordet til storbonden. Denne pakken høver for dei som vil ha det mest eksotiske ein kan finne på marknaden i lokal samanheng av både mat og drikke. Stikkordet er lokale råvarer forankra i kokkehandverk basert på tradisjon og fornying. I samarbeid med ein av våre frilansekokkar set vi opp ein heilt spesiell meny til gjestane. Saman med gode historier! 

Pris frå 900,- kr per person. 

For meir informasjon kontakt

 

+47 91 10 88 46

kontakt@galleribjork.no 

 

 

 

 

Makeløs ved Kristin Halkjelsvik 

Tekstilutstilling i kammerset 2020