Pizza frå vedfyrt bakaromn kvar søndag

Kvar søndag i sommar kan besøkande i Bakketunet smake på vår nydelege pizza som er steikt i vedfyrt bakaromn. 

Mange har allereie vore med på konseptet "lag din eigen pizza". I sommar stiller vi med eigen meny der kvar type pizza har fått namn etter ein karakter frå fjorden. 



Ei fortelling kan formidlast på så mange måtar. Når vi serverer pizza frå vedfyrt bakaromn kvar søndag, har vi ein meny med historiefortelling rundt nokre karakterar som ein gang budde i fjorden. Fleire av oss hugsar personane veldig godt, medan andre har aldri høyrt om dei. Like fullt. Dei budde her og dreiv med sitt, og er verdt å minnast.