Prinsessa som ikkje ville le

Line Starheimsæter frå Sykkylven er søndagens unge og lovande aktør som skal underhalde borna i Bakketunet. Ho er utdanna skodespelar, og er no på turné med  framsyninga Prinsessa som ikkje ville le. 

Det er ganske mange som ønskjer å vere ei prinsesse, for alle veit at prinsesser er dei vakraste i heile landet. I denne framsyninga møter vi ei prinsesse som er veldig vakker, men som dessverre også er veldig sur. Faktisk er ho den suraste i heile landet. Både robotar, dyr og soldatar gjer sitt beste for å få prinsessa til å le, men det er ingen som lykkast og det endar opp med at dei blir jagde på dør av kongens brøl-ape, Roger. Og han er godt væpna. Men så ein dag dukkar det opp ein sjarmerande mann med rosa hår og ein god idè opp…

I Prinsessa som ikkje ville le lagar Line Starheimsæter si eiga utgåve av det kjente norske folkeeventyret om Tyrihans som fekk kongsdottera til å le. Ho er både prinsesse i superdårleg humør og forteljar på ein gong. Og leikefigurane får lov til å vere med og spele historia når den suraste prinsessa gjennom tidene prøvar å få bukt med einsemda på barnerommet. 

Framsyninga finn stad i den gamle kufjøsen kl. 13 og kl. 15 og er gratis for borna. Ei av satsingane i Bakketunet denne sesongen er aktivitetar for born, og kvar søndag i juli vil ein ny aktivitetar vere på plass. 

Mange har funne vegen til Bakketunet og Bjørke i sommar, og søndag er det siste sjanse til å sjå vandreutstillinga Blood, Milk & Honey av Camilla Prytz, Mia Gjerdrum Helgesen og Gro Mukta Holter. Neste helg opnar ei ny utstilling med Anngjerd Rustad som er tildelt årets Hjørundfjordstipend.