Programmet for Kulturminnedagane er lansert!

For Bakketunet er årets tema "Ei reise i tid- 200 års samfunnsutvikling" eit svært takksamt tema å drive formidling kring. Vi har naturlegvis valgt å synleggjere gardbrukaren si utvikling gjennom 200 år, der det gamle gardstunet utgjer ei autentisk ramme for programmet. I startfasen gjekk arrangementet under tittelen Bonde, men frå gamalt av er det rettare å bruke omgrepet "gardbrukaren" om Sunnmørsbonden.

Det var ikkje så vanskeleg å velge gardbrukaren som tema sidan Bakketunet representerer den gamle garden. Det som ikkje har vore enkelt derimot, er å gjere avgrensingar. Di djupare vi grov, di betre skjøna vi at gardbrukaren si utvikling dei siste 200 åra inneheld svært mange områder. Det er difor mykje som vi ikkje har fått plass til, rett og slett. For eksempel blir ikkje gardbrukaren som fiskar synleg, endå vi veit at fiske var ei viktig attåtnæring, som nok har redda mange kroppar frå å svelte ihjel.

Vi må likevel seie oss nøgde med programmet, og vi er glade for at så mange har lete seg engasjere i både planlegginga og gjennomføringa. Spesielt har Hjørundfjorden sogelag, kulturvernlag og bondelag vore gode støttespelarar. Einar Saure har dessutan vore ein fantastisk samtalepartnar som vi har lært mykje av. 

Ørsta kommune og Sparebank1 har gitt oss den økonomiske tryggleiken som vi trengde for å kunne sy ihop eit godt program. Om dagane gir overskot vil pengane gå til å halde tunet i hevd. Ein gamal smalefjøs står der med rotskadar og tak av bølgeblekk, og vi har dessutan ei gamal grindløde som med enkle grep kan bli eit fint konsertlokale. Me får sjå!

Det viktigaste er at dei besøkande får gode opplevingar under Kulturminnedagane. Spesielt vonar vi at barnefamiliar tek turen og gir borna sine eit lite tilbakeblikk på vår felles kulturarv. Vi må aldri gløyme at vi alle kjem frå ein gardbrukar si stove...