Rekordstort kulturprogram

Bakketunet på Bjørke har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å verte eit lite sentrum for kunst- og kulturformidling i sommarhalvåret. Når tunet no opnar dørene for sin femte sesong, er det med eit rekordstort kulturprogram.

Søndag 25. mai er det sesong- og utstillingsopning med Inger K. Giskeødegård som hovudutstillar. Ho er kjend som ein dyktig teiknar, og har i mange år vore avisteiknar i Sunnmørsposten. Måleria hennar er figurative med ein motivkrets som spenner seg frå vidstrakte øylandskap, ofte med ei kystkyr eller to som beitar, til meir urbane bymiljø. Utstillinga viser nye bilete.

Øystein Tømmerås frå Oslo er tildelt årets Hjørundfjordstipend, og kjem til Bjørke i juni for å søkje impulsar til utstillinga som opnar i juli. Tidlegare arbeid har handla om fragmenterte landskap iblanda element frå populærkulturen. Tømmerås arbeider i hovudsak med måleri. Kva han får ut av opphaldet i Hjørundfjorden er vi svært spente på.

I august opnar ei ny hovudutstilling der dei besøkande får møte multikunstnaren Astri Eidseth Rygh. Ho vil vise fram sitt nyaste kunstprosjekt som handlar om abstrakte former henta dyreriket.  I tillegg til måleri- og grafikkutstillinga, har Eidseth Rygh fått frie tøylar til å utforme ein installasjon i tunet.  

I tillegg til kunstutstillingane i kufjøsen, inviterer Bakketunet til design- og handverkstustillingar i kammerset. I år har vi med oss både lokale, nasjonale og internasjonale utstillarar. Gjestar i tunet kan òg glede seg til foredrag, kaffismaking, kurs, boksigneringar og musikalske innslag i løpet av sommaren.

Bakketunet har ope søndagar gjennom heile sommaren. Utan om dei faste opningstidene, tek vi imot større og mindre grupper for omvising og matservering. 

PROGRAM: