Retrohelg!

Det er med eit nytt konsept i ermet at Bakketunet har opna dørene for sin sjette sommarsesong. I år blir Retrosalongen å finne i den tidlegare ingeniørbustaden til Tussa Kraft LL, som blei bygd på 50-talet under anleggstida på Bjørke.

Det er Linda Marie Viddal som er grunnleggar og initiativtakar til Retrosalongen. Linda Marie fortel at Retrosalongen vil vere ein stad der ein kan få servert varme og kalde drikker i eit interiør henta frå 50- til 70- talet. Her er bestemors fruktknivar, onkels afrikanske damefigurar, og kanskje finn du den brune sofaen som du sjølv sat og såg barne-TV i. Dei mange nostalgiske elementa vil vekke kjensler, utløyse minner og kanskje også eit sakn etter noko som har vore. Interiøret er til sals og vil skifte heile sommaren.

Laurdag 30. og søndag 31. mai blir det Retrohelg i Bakketunet, med offisiell opning av Retrosalongen. Det blir høgtidleg opning med talar og snorklipping kl. 13 på laurdag. 

Denne helga er Arild Fjukstad kammersutstillar og vil vise fram si unike samling av teikneseriar og Tandberg-radioar. 

Norvald Øye har eit godt hjarte for gamle trøsyklar, og i helga stiller han ut samlinga si i Bakketunet.

Klassiske motorkøyrety høyrer sjølvsagt med på ein slik dag, og vi oppmodar eigarar av køyrety frå 50 til 70- talet til å ta turen til Bjørke denne dagen. Parade frå Kalvatn går kl. 12 begge dagar. 

Retro-vertinnene stiller sjølvsagt i mote frå perioden, og oppmodar dei besøkande om å gjere det same. Om ein har problem med å legge den rette hårfrisyra, er det mogleg å bli styla i vår drop-in beauty parlour, der unge stylistar vil trylle fram tidsrett frisyrer og make-up. Vår innleigde fotograf knipsar gjerne dei magiske augneblikka med eit polaroidkamera frå 1977.

For dei konkurranselystne har vi ein kviss med spørsmål frå tidsepoken. Vi trekker ut tre heldige vinnarar som alle får eit sesongkort i Bakketunet. 

Laurdagen blir avslutta med Retroparty på ungdomshuset Haukly. Der skaper DJ Janis Joplin a.k.a. Silja Haddal Mork og sjølvaste DJ Erke-Ivar, a.k.a. Ivar Mork, stemning med musikalske godbitar frå ei tid der verdsamfunnet var i ei rivande utvikling!  

I førekant av Retropartyet blir det swingkurs, leia av Torbjørn Saure Hoel, som er ein røynd og svært flink instruktør.

Ordet retro tyder å sjå attende, og det er akkurat det vi skal gjere i Bakketunet denne sommaren!

Måleriutstillinga med Robert Steinnes er å sjå t.o.m. 20. juli.

Vi gjer plass til klassiske køyrety! 

Parade frå Kalvatn går kl. 12 begge dagar.

Arild Fjukstad på guteromet sitt i Volda. Han tek med teikneseriar og radioar til kammerset i Bakketunet.

DJ Erke-Ivar leitar fram platesamlinga frå stordomstida si på 60-talet på Retropartyet på Haukly.