Robert Steinnes og Rolf Taraldset opnar sesongen

Vi ønskjer eit nytt år og ein ny sesong hjarteleg velkomen! Programmet som har vore i støypeskeida ei god stund, har byrja å ta form. Her er ein smakebit på noko av det dei besøkande kan glede seg til i sommar. Fullstendig program blir lansert i april. 

Robert Steinnes som hovudutstillar
Søndag 24. mai opnar sommarsesongen med Robert Steinnes som hovudutstillar. Han vil gi vårt ujålete utstillingslokale i kuføset eit nytt innhald med sine uttrykksfulle maleri. Steinnes har på ny leita fram malarpenslane og nye lerret, etter å ha konsentrert seg om ein ikkje heilt ukjend padde-skulptur. Vi gler oss til å sjå dei nye arbeida til Steinnes.

Treskjærar Rolf Taraldset frå Hornindal blir å finne i kammerset i opningshelga. Han vil vise fram små og store arbeid som er blitt skapte gjennom eit heilt liv, ja, faktisk gjennom fleire generasjonar.

Retrosalong 
Samstundes som sesongen opnar i slutten av mai, opnar Linda Marie Viddal dørene til Retrosalongen i Kunstnarbustaden. Viddal har fått frie tøyler til å forvandle 50-tals huset, som blei bygd til ingeniørane under Tussa Kraft si anleggstid, med design frå 50-, 60- og 70- talet. Gjenstandane i salongen har ho funne rundt om kring i landet på loppemarknader og gjennom annonsesal. Konseptet bak Retrosalongen er at alt inventaret er til sals, og blir erstatta og utbytta gjennom heile sommaren.  

Laurdag 30. og søndag 31. mai arrangerer vi ei stor retrohelg i Bakketunet der vi tek eit visuelt og mentalt dykk i 50-, 60- og 70- talet. Voldingen Arild Fjukstad stiller ut samlinga si av Tandberg-radioar i kammerset. Der kan dei besøkande også sjå Fjukstad si imponerande samling av blad og teikneseriar med gamal årgang. Det vil ikkje forbausa oss om det òg dukka opp ein og anna trøsykkel, motorsykkel og bil av nostalgisk karakter denne helga. Boksemat frå 60-talet blir det ikkje, men ein tidsrett meny som speglar tidsbilete vi freistar å skape. Vi tek 50-tals kleda på, eller kleda frå 60- eller 70-talet om du heller føler deg heime i det tiåret, og skaper ei uforgløymeleg helg.   

Vikinghelg
I midtsumarhelga blir det igjen mykje liv og røre på Bjørke og i Bakketunet! Då blir det som tidlegare år arrangert Midtsumar på Bjørke. I Bakketunet får v i år besøk av Møre frie vikinger som vil bruke Bakkegarden som base for sine aktivitetar. Vikingmarknaden er ope for publikum laurdag 20. og søndag 21. juni.  

Kurs i pilfletting
Utstillingane i kammerset er nye kvar søndag. I det rosa og blå rommet ønsker vi å presentere tidsaktuelt design og handverk.  Også i år har vi lykkast med å hente inn spanande utstillarar frå heile landet, og får mellom anna besøk av Klara Pil i frå Bryne. Ho er eit kjent namn for dei med interesse for hage. Laurdag 5. juni vil ho halde kurs i fletteteknikkar og søndag held ho ustilling av eigne pil-arbeid i kammerset. 

Nytt år og nesten same form
Året og programmet er nytt, og vi ser fram til vår sjette sesong og til å skape nye gode kulturopplevingar for dei besøkande. Som vanleg vil tunet vere ope for alle søndagar frå kl. 12-17, og nokre laurdagar. Som åra før løner det seg å kjøpe sesongkort om du har planar om å besøke oss fleire ganger iløpet av sommaren. Utan om opningstida må det gjerast avtale om besøk.

Nytt av i år er at vi vil presentere ei heil rekke med aktivitetar som grupper kan velje frå. Vi inviterer spesielt bedrifter og leiargrupper til å gjere eit besøk i tunet denne sesongen. Med nærleik til naturen, temabaserte foredrag og omvisingar, kunst- og handverksutstillingar og leiar- og organisasjonsutvikling, formidla av profesjonelle aktørar, byr vi på sjeldne opplevingar for grupper, i vakre og trauste omgjevnader. Ta gjerne kontakt for meir informasjon og eit utforpliktande tilbod.

Beste helsing

Marita Bett Aakre