Sesongavslutning!

Sunnmøres eldste og mest komplette gardstun ønskjer søndag velkomen til sesongens siste opne søndag.  Det gjer dei med lokalt handverk av Solrun Osdal som kammersutstillar og Jøran Flo som houvdutstillar. På menyen står det steinbakt pizza frå vedfyrt bakaromn!  



Bakketunet sin sjette sommarsesong har hatt mange høgdepunkt. Utstillingsopninga med Robert Steinnes, opning av Retrosalongen ved Linda Marie Viddal, Kjerringkjeften vikingmarknad og ikkje minst Indiefjord. Dessutan har utstillarar frå heile landet kome til Bakketunet for å stille ut unike handverksprodukt. Dei besøkande har strøyma på, og tett på 2 500 menneske har vore innom tunet i løpet av dei tre sommarmånadane tunet har vore ope. 



Siste søndag i august er det Solrun Osdal frå Bjørke som er på plass i kammerset med sine populære handlaga produkt. Ho har i mange år hatt hekling, strikking og toving som hobby, og av denne hobbyen kjem det fram bla. fjellbekledning som huer og vottar, tova sitteunderlag og andre praktiske og dekorative tekstilprodukt. Solrun har også spesialisert seg på rognebærgèle og heimebaka flatbrød der ho brukar havremjøl frå Volda Elektriske Mylne.



I utstillingslokala i kufjøset heng utstillinga med Jøran Flo, og søndag er det altså siste sjanse til å sjå arbeida hans. Grupper kan framleis gjere avtale om besøk i tunet for omvising og matservering.

90,- kr for vaksne / gratis for born under 15 

Søndag 30. august 12-17 

911 08 846 / kontakt@galleribjork.no