Sesongavslutning med saft på dugnad og bringesmykker

Sommar går mot haust, og i Bakketunet er vi komne til den siste søndagen der vi tek imot besøkande. På programmet står «Saft på dugnad» med Kari Ryslett frå Høgskulen i Volda, utstilling av tekstilkonseptet Bringesmykker med Beate Mork og hovudutstillinga Nedarva retning med Arild Våge Berge. Alt omgitt av storslått fjordnatur og eit tun frå middelalderen som kulisser. 

Søndag inviterer vi altså til «Saft på dugnad» med Kari Ryslett som underviser ved Mat, kultur og konservering ved Høgskulen i Volda. I utekjøkkenet ved Kunstnarbustaden blir det duka for saftkoking der dei besøkande plukkar råvarene frå bær- og frukthagen i Bakketunet. Safta som blir laga i fellesskap, kan dei besøkande ta med seg heim om dei berre har flasker sjølve. Kari Ryslett gir dessutan tips og råd rundt foredling- og kovserveringsprosessar.

Beate Mork er på plass i kammerset med tekstilkonseptet Bringesmykker. Inspirasjonen til dei tekstile arbeida kjem frå den frodige og spanande bringekluttradisjonen i Sogn, der oldemor til Beate kom ifrå. Med fargar, symbolikk og spanande materialbruk, har Beate sett saman vakre brosjer og bringesmykker, alle med si historie. Ingen stad passar vel betre å stille ut desse arbeida enn i Bakketunet, meiner Beate Mork, som gleder seg til søndag og håper mange vil ta turen. 

Siste helg er det også for utstillinga Nedarva retning med Arild Våge Berge. I utstillinga tek han føre seg ei personleg historie, samstundes som han stiller spørsmålet; finst der noko vakkert i  naturinngrepa som blei gjort under kraftutbygginga på Bjørke på 50- talet? Utstillinga er å finne i fire bygningar, der videoinstallasjon, skulpturar, tekst og foto blir brukt for å belyse problemstillinga.

Vi takkar for ein fin sommar! 

Beste helsing

Vertskapet