Sesongavslutning med fransk glaskunst

Utstillingsdato: 31.08.2014

Søndag 31. august avsluttar Bakketunet ein fantastisk sommarsesong. Det gjer vi med den franske glaskunstnaren Adrien Herve som kammersutstillar og Astri Eidseth Rygh som houvdutstillar i kufjøset. Som avslutning inviterer vi dessutan besøkande til å prøve ein pizza frå vår vedfyrt steinomn.

Adrien Herve frå Landernau i Bretagne i Frankrike, kom til Noreg for to år sidan for å arbeide på Ingrids glassverksted i Ålesund, og blei verande. Fasinasjonen hans for glasblåsing starta i Paris. I fem år arbeidde Adrien som glasblåsar og utforska ulike glasblåseteknikkar og lagde glaskunst for andre, arkitektar, designarar etc. Deretter byrja han å studere ved Glasskunstskolen Cerfav i Nancy i Frankrike.

Søndag stiller han ut dei svært så kontrastfylte og spanande arbeida sine i kammerset. I utstillingslokala i kufjøset heng grafikkutstillinga med Astri Eidseth Rygh, og søndag er det siste sjanse til å sjå arbeida hennar.

I fjor fekk Bakketunet bygd sin eigen vedfyrte bakaromn som denne sommaren har blitt brukt flittig ved besøk av grupper. Søndag markerer vi sesongavslutninga ved  at dei besøkande får gjere seg kjend med bakaromnen og lage sin eigen pizza. 

Store og små grupper kan gjere avtale om omvising og matservering i tunet heile året.

14. september er vi med på å markere dei landsomfattande Kulturminnedagene, der temaet er "Ei reise i tid- 200 års samfunnsutvikling". Vi vil sjølvsagt sjå på gardbrukaren si utvikling i Hjørundfjorden.