Sesongopning og markering av 10 års drift

I ei rik historie plasserer vi oss i eit år der vi kan markere 10 års drift av tunet. Sesongen opnar søndag 28. juni, og med det kan vi avsløre at temaet for 2020 er Nostalgia! 

Til markeringa har vi invitert tidlegare utstillarar til ei stor gruppeutstilling, med spørsmålet og utfordringa om kva nostalgi er for dei. Med det fyller vi opp alle bygningane med installasjonar, kunst og handverk som inviterer til refleksjonar rundt fortid og kva som er med på å forme eit liv.

Vi kan røpe at Kristin E. Halkjelsvik, kvinna bak Makeløs, er ein av utstillarane og får plass i kammerset med samansette tekstilar som osar av rein nostalgi.

Det har vore nokre milepålar frå sommaren 2010, året vi starta så forsiktig, og fram til idag. Noko av det beste som har hendt i løpet av desse åra, er at vi i 2017 fekk avslutta nær 30 år med restaureringsarbeid. Med det kan vi rope hurra for at tunet aldri har vore i betre stand, og om vi berre passar på, kan Bakketunet som kulturminne stå i nye 500 år.

Driftsforma har etterkvart kome på plass i løpet av desse åra. I dei første åra var fokus og satsningsområdet på individuelt besøkande, med ope frå mai til august, og nokre helger i september. Utstillingsprogrammet skifta gjennom heile sommaren, med nye programinnslag og nye utstillarar nærmast kvar helg. I 2017 kunne vi ta i bruk alle bygningane, og med det forma vi den vidare drifta og utstillingsprogrammet. Vi har funne ei driftsform som både er publikumsvenleg og som gir oss som driv og bur på garden nye arbeidsoppgåver og verdifulle pusterom.

No får altså kvar bygning si utstilling som heng gjennom heile seseongen, med opningstid frå slutten av juni til august. Besøk av grupper tek seg stadig opp. Og med tilknytning til fleire destinasjonsselskap har vi tru på at dette er ein marknad som kan gi auka verdiskaping i åra som kjem.

Opningstida for individuelt besøkande er laurdag og søndag frå 12-17. Grupper kan gjere bookingar gjennom heile året. For grupper har vi eigne aktivitetar og tilbod der menyen er bærekraftig og kortreist.

Frå 2021 går Bakketunet ei ny spanande retning. Det kjem vi tilbake til når alle detaljar er på plass.

Vi gler oss til å ta fatt på jubileumsåret!

Varmt velkomen skal du vere!  

I 1678 skapte medisinstudenten Johannes Hofer ordet nostalgia, av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Nostalgi var ein farleg, sjukeleg lengt etter å vende heim.
Ein svensk idéhistorikar, Karin Johannisson gav i 2001 ut boka Nostalgia, der ho skriv at på 1700-talet vart nostalgi sett på som ein dødeleg sjukdom som frikjende for alvorlege brotsverk. Frå 1850 og langt opp mot år 2000 var nostalgi sett på som ei bakstreversk og sentimental kjensle, som bremsa utvikling og rørleg arbeidskraft. I dag har nostalgi ein bittersøt dåm: melankoli blanda med sødme.

(Kjelde: Astrid Brekken. Ferda attende til garden. Syn og segn utgåve 3, 2019)