Sesongopning søndag 2. juli

Med fem nye utstillingar og eit ferdig restaurert tun ønsker vi hjarteleg velkomen til sesongopning søndag 2. juli kl. 12. 

Målet er nådd! Det heilt unike middelaldertunet på Bjørke i Hjørundfjorden er etter 30 år med restaureringsarbeid ferdig. Dette markerar vi med utstillingsopning og gratis slåttegraut til alle som kjem på besøk.

I stabburet frå 1547 viser den franske glasblåsaren Adrien Herve glasarbeid, og i kammerset kan ein sjå tekstile arbeid av Børdi by Mona Frøyshov. I den nyresturerte sauefjøset vil Pergarden i Dalsfjorden ha salsutstilling av saueskinnsprodukt, og i den vesle stallen er det Marianne Lund frå Gjøvik som stiller ut keramikk. 

Hovudutstillinga er det Marita Bett Aakre sjølv som står for. Ein serie oljemareri skal stillast ut i kufjøset. - Det siste året har eg arbeidd med ei anna viktig målsetjing. Sidan oppstarten av Bakketunet har det blitt lita tid til å halde på med eige skapande arbeid fordi tunet har vore så ressurskrevjande. Det at eg ikkje har tid til å male har budd i meg som ei lita uro. Ei rekke livshendingar frå året som gjekk gjorde at eg bestemte meg for å gjere om drifta slik at eg fekk meir tid til andre ting. Det har båre frukter. Ein serie oljemaleri har blitt til. I serien har eg våga å vise nokre av dei kjenslene eg ber med meg, og korleis både arven og samtida påverkar meg. Bileta eg har skapt handlar mykje om kampar som vi menneske har. Men bak kvar kamp, ligg det også ei uslåeleg kraft. Serien har derfor fått tittelen Kvinner med kraft. I utstillinga møtast fortid og notid, og tek opp tidlause spørsmål. I år har eg eit ønske om å dele historia og kjensla til menneska som levde her før oss, ikkje berre eit nasjonalromantisk og vakkert tun. Kanskje kan vi bli litt klokare rundt ekstensielle spørsmål, som eg føler den immaterielle kulturarven i Bakketunet så sterkt kan formidle. 

Hovudingrediensane i kulturprogram er som tidlegare år kunst- og handverkutstillingar. Til sesongen som kjem har vi gjort nokre naudsynte endringar i høve driftsforma for å lette arbeidet. Blant anna har vi korta ned sesongen og vi får permanente kunst- og handverksutstillingar som er å sjå kvar søndag i heile juli. I år kan dei besøkande kike inn i alle bygningane, der det blir permanente utstillingar. Grupper kan som tidlegare år gjere avtale om å sjå inn utan om opningstida. Under Indiefjord og Naturfestivalen har vi eige program. 

 
Alle dei seks bygningane som utgjer Bakketunet er no teke i bruk, som betyr at vi har nådd ein viktig milepåle. Hurra! Vern gjennom bruk nyttar!