Siste helg med utstillinga Menneske og natur

I sommaren har dei freda bygningane i Bakketunet blitt brukt til å vise utstillinga Menneske og natur. Ei utstilling som viser kunst og handverk frå samtida og er med på å belyse nokre sider av eit stort tema. Trådane bakover i tid er blant anna med i form av ein kulturhistorisk skatt, to av bjørneskallane som Johan Rørstad så modig skaut i byrjinga av 1900-talet.

Historieforteljing har vore ein viktig del av kulturen vår i alle tider. Frå forteljingar rundt bålet til digitale impulsar som vi kjenner i dag. Historier hjelper oss med å hugse fortida, forstå samtida og leve oss inn i andre menneske sine livsverdar. Med bjørneskallane og historiene knytt til desse, er det ikkje vanskeleg å forstå frykta for rovdyr som menneske må ha følt, og frykt for at livsgrunnlaget skulle gå tapt.        

Når Marianne Mørck har laga ein kleskolleksjon av bærekraftige tekstilar, er det med ei eiga bevisstheit rundt korleis vi kan bruke naturressursane på best mogleg måte. Ho brukar tekstilar av ull, lakseskinn, reinsdyr og geit. Sauen går i fjellet og nyttegjer seg av stadar der menneske ikkje kjem til eller brukar. Samstundes held dei terrenget nede. Tilbake får vi kjøt og ull som vi kan lage kle av. Kle som er lett nedbrytbare. 

Maleria av Simon Wågsholm som er stilt ut i kufjøset viser historier om landskap og menneske sine spor i dette. Arvesølvet etter forfedrene våre har blitt fragmentert og vi kan finne på å selge naturressursar ut av landet er eitt av bodskapa.

Ole A Ekker skildrar med fotografia sine korleis naturen er i ferd med å ta tilbake den øydelagde byen Tsjernobyl. Bygningar av mur og betong blir grøne oaser. Naturen har ei eiga evne til å overleve og til å tilpasse seg ser vi.

Denne veka fekk vi melding om at vi har brukt opp naturressursane for i år. Kanskje kan utstillinga Menneske og natur i Bakketunet vere ei lita påminning om korleis menneske for berre 100 år sidan levde i pakt med naturen og påverke oss til å ta kloke valg for framtida. 

Laurdag og søndag er siste høve for å sjå utstillinga. Vertskapet takkar alle som har vore på besøk denne sommaren og som ser verdien av å ha eit lokalt tilbod med røtene i ei felles kulturhistorie.