Siste helg med ustillinga Nostalgia

Laurdag 29. august og søndag 30. august er det siste opne helga for utstillinga Nostalgia i Bakketunet. 

Sommaren 2020 er det heile 10 år sidan Bakketunet opna dørene for besøkande for første gang. Det er nesten ikkje til å tru. Sidan den gang har vi hatt besøk av eit hundretals bidragsytarar. Kunstnarar, handverkarar, musikarar, kokkar og foredragshaldarar har funne vegen til tunet. For å ikkje snakke om fleire tusentals besøkande, frå heile verda! Drifta har vore utan støtte frå verken kommune, fylke eller stat, og vi er derfor ekstra stolte over at vi har klart å gjere slektsgarden om til eit lite senter for kunst og kultur i Hjørundfjorden, utan dei altfor store raude tala. Det har sjølvsagt vore ressurskrevjande på fleire måtar, men kjenslene for tunet og drifta er berre gode, sjølv etter nokre trakk i oppoverbakkar.

Med bygningar frå 1549 er ti års drift lite å rope hurra for i den store samanhengen. Likevel har vi feira at vi har hatt eit kjempeflott program kvart år, og at vi har stått han av i alle desse åra. I løpet av desse ti åra har vi klart å bli ferdig med restaureringa av alle bygningane.

Siste åra har vi hatt ein overordna tematikk i programmet. Tematikken for 2020 handlar om ei kjensle, og eit ord som har hatt ulik betydning opp gjennom tidene.   

I 1678 skapte medisinstudenten Johannes Hofer ordet nostalgia, av dei greske orda nostos, heimkome, og algos, smerte. Nostalgi var ein farleg, sjukeleg lengt etter å vende heim.

Ein svensk idéhistorikar, Karin Johannisson gav i 2001 ut boka Nostalgia, der ho skriv at på 1700-talet vart nostalgi sett på som ein dødeleg sjukdom som frikjende for alvorlege brotsverk. Frå 1850 og langt opp mot år 2000 var nostalgi sett på som ei bakstreversk og sentimental kjensle, som bremsa utvikling og rørleg arbeidskraft. I dag har nostalgi ein bittersøt dåm: melankoli blanda med sødme. (Kjelde: Astrid Brekken. Ferda attende til garden. Syn og segn utgåve 3, 2019). 

Når ein kikar i gamle album med fotografi frå eit levd liv, blir ein gjerne fylt med nettopp denne blanda sødma. Livet som forfedrene våre har levd, på ein gard eller i ein by. Her på garden spaserte hønene fritt og barna kunne klatre seg opp på ein hesterygg. Og her var kattungar i fleng. Fine sauer gjekk her òg! Menneska som budde her. Kjekke menn i lusekofter, kvinner så smale om livet som tråsneller, med heimsydde kjolar i blomstrete stoff. Det er både vakkert samstundes som det er trist. Dette tidsbildet vil aldri kome tilbake. Den smale midja og den friske ungdomen. Nokre av dei finst ikkje meir.  Sjølv kor vakre bileta er, ligg der ein melankoli og rører ved oss når vi går over gardsplassen. 

Laurdag og søndag er siste høve for å sjå utstillinga. Vertskapet takkar alle som har vore på besøk denne sommaren og som ser verdien av å ha eit lokalt tilbod med røtene i ei felles kulturhistorie.