Sjarmerande sjarmtroll

Søndag inviterer Bakketunet til formgjevingsaktivitetar for born. Oppgåva er å lage sjarmerande sjarmtroll av naturmateriale. Det er Malin Skjåstad frå Ørsta som er først ut med ein eit pedagogisk opplegg som ho komponert sjølv.


Malin er nyleg utdanna faglærar i Kunst og handverk ved Høgskulen i Volda. Malin som har røtene sine frå Skjåstadalen på Bjørke, er veldig glad i handarbeid og likar spesielt godt å jobbe med naturmateriale som stein, tre og ull på nye måtar. No gleder ho seg til å ta imot born i alle aldrar for å vise dei korleis ein lagar steintroll.


Bakketunet ønskjer å vere ein stad der også borna trivst og får gode opplevingar. Ei av satsingane i år er å gi unge nyutdanna pedagogar og kunstnarar moglegheita til å legge til rette for aktivitetar for born. Kvar søndag i juli vil det vere ein ny instruktør og ein ny aktivitet. Dette er eit prøveprosjekt, men som vi vonar at vi kan halde fram med i komande sesongar. 

Aktivitetane er gratis!