Smykkekunst av Marita Skjong

Utstillingsdato: 03.07.2016

Søndag 3. juli er det Marita Skjong frå Ålesund sin tur til å fylle kammerset med vakkert handverk.

Marita Skjong tok svennebrev som gullsmed i 1992, etter 3 år på Gullsmedlinja på Elvebakken videregåande skole i Oslo.
Etter det har ho teke mesterbrev på fagområdet, og har jobba som gullsmed både som tilsett og med eigen verkstad.
 
I verkstaden sin på Hankane i Ålesund, produserer ho smykker i sølv og emalje. Spesielt har ho arbeidd med emaljeringsteknikken chamleve, som er ein gamal og tidkrevjande teknikk. Resultatet blir glatte, blanke emaljeflater som er brent ned i sølvet.

- Eg liker å leike med form og farger i sølvet, og håper at eg får satt eit personleg preg på arbeida mine, kombinert med godt handverk, fortel Marita, som gleder seg til å ta med seg arbeida sine til Bakketunet førstkomande søndag. Ho lovar eit kammers fylt opp med unike smykker frå forskjellige smykkeserier, som ei kasse med blanda drops! 
 
Utstillinga med Trine Røssevold er å sjå i kufjøset t.o.m. 31. juli.